Tranevåk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Tranevåk er ein middels stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Geranospiza caerulescens
Beskriven av
(Vieillot, 1817)

Som vaksen er fuglen ca. 50 cm lang og veg rundt 300 gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna plantasjar, tørr og fuktig tropisk skog, mangroveskog, tropisk sumpskog og tørr savanne. Tranevåk er ein jegar som lever av mange ulike byttedyr, mellom anna vekselvarme virveldyr, virvellause dyr (invertebratar) og små varmblodige dyr som han fangar i buskar og i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

tranevåk
Geranospiza caerulescens
Artsdatabanken-ID
175372

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg