tidsmåling

Artikkelstart

Tidsmåling er måling, berekning av tid. Ved måling av tid vert det nytta ein eller annan periodisk handlingsgang der ei hending vert gjenteken med stabil frekvens. Frå dei eldste tider har sola si stilling gjennom døgnet og året vore nytta, og tida har vore avlesen ved hjelp av solur.

Andre gamle ur er vassuret og sanduret. I dei mekaniske ura vert tida målt ved hjelp av regelmessige mekaniske svingingar — spindelgang, ankergang, balansefjær («uro») og pendel. Det elektriske uret vert regulert av ein elektrisk svingkrets.

Dei mest nøyaktige ura er kvartsur, som vert regulerte av ein svingande kvartskrystall med høg frekvens som styrer ein elektrisk svingekrets, og atomur, der svingingane i ein kvartskrystall vert kontrollerte av dei naturlege svingingane i atom, spesielt er cesium nytta.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg