Svarthettetanagar
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Svarthettetanagar er ein middels stor sporvefugl i hispaniolatanagarfamilien og har naturleg utbreiing i Den dominikanske republikken og på Haiti.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Phaenicophilus palmarum
Beskriven av
(Carl von Linné, 1766)

Som vaksen veg fuglen rundt 32 gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna jordbruksland, urbane område, tørr og fuktig tropisk skog, mangroveskog og tropisk fjellskog. Svarthettetanagar lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn i buskar og i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

svarthettetanagar
Phaenicophilus palmarum
Artsdatabanken-ID
185550

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg