Sotkurrawong er ein fugl i slaktarfuglfamilien og ein av dei største sporvefuglane i verda. Arten har naturleg utbreiing i Australia.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Strepera versicolor
- Beskriven av
- (Latham, 1801)
Vaksne hannar veg rundt 440 gram og hofuglane rundt 370 gram.
Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna temperert skog, tørr savanne, jordbruksland, urbane område og tørr tropisk skog. Sotkurrawong er ein jegar som lever av mange ulike byttedyr, mellom anna virvellause dyr (invertebratar), små varmblodige dyr og vekselvarme virveldyr som han fangar på bakken.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.