Slektsnamn er ein term som i tidlegare namnelover (1923 og 1964) har vore brukt med same innhald som etternamn i namnelova frå 2003.

Eit etternamn (tidlegare slektsnamn) er det siste namnet i ei namnerekkje som kjem etter førenamnet (og eit eventuelt mellomnamn), til dømes Bakke i Eva Nilsen Bakke. I den fyrste lova om personnamn (frå 1923) har kapittel I overskrifta «Om efternavn», men i paragrafane er «efternavn» så å seie ikkje brukt. Den dominerande termen her er «slektsnavn».

Skilnad på slektsnamn og etternamn

Termen etternamn kan vi sjå på som ein overordna term. Den er posisjonelt definert, og det vil seie at etternamnet er det siste namnet i ei namnerekkje – jamfør Bakke ovafor og til dømes Olsen i Hans Meyer Olsen.

I eit historisk perspektiv (til og med 1800-talet og litt seinare) er det nyttig å skilje mellom to viktige undergrupper av etternamn: slektsnamn og patronym.

Mens barn kunne arve slektsnamnet til faren gjennom fleire generasjonar, innebar det dominerande patronymsystemet på 1800-talet at etternamnet skifta frå generasjon til generasjon: Sonen til Peder Nilsen kunne heite Albert Pedersen og sonen hans igjen Martin Albertsen. Patronymsystemet gjekk altså ut på at etternamnet til barna var basert på fornamnet til faren (patronym tyder ’farsnamn’) med tillegg av til dømes -sen (for sønene) og –datter for døtrene (Kari Pedersdatter).

På 1800-talet var etternamnssystemet under omlegging, og på slutten av 1800-talet var det mange – særleg i byane – som gjekk over frå patronym til faste etternamn. Ifølgje namnelova av 1923 skulle alle ha faste etternamn, og dermed var det slutt på patronymsystemet.

I dag kan etternamn på -sen – som Albertsen og Amundsen –sjåast på som slektsnamn i og med at dei kan ha gått i arv i same slekt i nokre generasjonar, til dømes frå slutten av 1800-talet. Etternamn av denne typen kan også vere omtala som -sen-namn (på fagspråket stivna patronym eller sekundærpatronym) i motsetning til slektsnamn brukte om etternamn som har vorte arva gjennom mange generasjonar, til dømes Beyer og Heiberg.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alhaug, Gulbrand 2017: Etternamnssystemet i bygd og by på slutten av 1800-talet – ei samanlikning av Hamar, Stange og Romedal. Namn og Nemne 34, s. 7–33.
  • Lov om personnavn. NOU 2001: 1. Elektronisk utgåve.
  • Nedrelid, Gudlaug 1998: «Ender og daa ein Aslaksen eller Bragestad» – Etternamnsskikken på Sør- og Vestlandet. Studiar i folketeljingsmaterialet frå 1801. Band 1 – tekstdel. Kristiansand.
  • Sørensen, John Kousgård 1983: Patronym. Term og begrep. I: Göran Hallberg ofl. (red.): Personnamnsterminologi. NORNA-rapporter 23, s. 139–144. Uppsala.
  • Veka, Olav 2017: Norsk etternamnleksikon. 2. utg. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg