Sakseglente
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY 3.0

Sakseglente er ein liten rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Chelictinia riocourii
Beskriven av
(Temminck, 1821)

Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang og veg rundt 110 gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna tørr savanne, tørr tropisk skog, tørr tropisk buskmark, tørr tropisk grasmark og innsjøar med ferskvatn. Sakseglente er ein jegar som lever av virvellause dyr (invertebratar) og små varmblodige dyr som han fangar på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

sakseglente
Chelictinia riocourii
Artsdatabanken-ID
175152

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg