Sørgråvåk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Sørgråvåk er ein middels stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Sør- og Mellom-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Buteo nitidus
Beskriven av
(Latham, 1790)

Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang, hannfuglar veg rundt 430 gram og hofuglane rundt 620 gram.

Arten er knytt til tørr og fuktig tropisk skog, og tørr og fuktig savanne. Sørgråvåk er ein jegar som lever av vekselvarme virveldyr og virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i skogen, i buskar og i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 32 dagar. Ungane forlèt reiret om lag seks veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av to til tre år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

sørgråvåk
Buteo nitidus
Artsdatabanken-ID
175406

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg