Relasjonar viser samanhengar mellom omgrep eller termar i eit indekseringsspråk. Når ein slik relasjon er etablert, kan søkesystem lenka frå den eine til den andre termen og slik bidra til betre informasjonsgjenfinning.

Relasjonar i indekseringsspråk kan representera ei forenkling av omgrepa, då god gjenfinning av dokument er prioritert framfor presis beskriving av omgrepa.

Typar

Tre typar relasjonar er vanlege: Hierarkiske relasjonar, sidordna relasjonar og ekvivalensrelasjonar. Ved ein hierarkisk relasjon er den eine termen overordna den andre. Sideordna relasjonar vert etablert mellom termar på tvers av hierarkia, til dømes mellom ein prosess og produktet av denne prosessen. Ein ekvivalensrelasjon uttrykker at to termer viser til same innhald, dei er synonyme eller nærsynonyme.

Bruk

Når indekseringsspråk er i bruk i eit søkesystem, kan relasjonar vera synlege som lenker. Systemet kan også utnytta relasjonar meir eller mindre automatisk. Eit døme er ein ekvivalensrelasjon mellom svin og grisar. Systemet kan då gjennomføra søk på begge termar, sjølv om brukaren berre skriv inn den eine i søket sitt.

Klassifikasjonsskjema kan visa relasjonar gjennom klassekodar, gjennom uttrykksfull notasjon. Tesauri viser relasjonar gjennom eigne kodar for kvar relasjonstype.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg