I bibliotek- og informasjonsfag er notasjon kodar tilordna klassar i eit klassifikasjonsskjema. Koden består av tal, bokstavar eller andre teikn og skal sikra systematisk ordning. Koden til ein klasse vert kalla klassesymbol, klassekode eller klassenummer.

Oppbygging

Basis for notasjonen viser kva typar skriftteikn som kan inngå i notasjonen. Ein brei basis består av mange ulike teikn. Desse kan kombinerast til mange ulike, korte kodar. Ein smal eller kort basis består av færre teikn, som tala 0-9. Desse kan også kombinerast, og det trengs fleire teikn i kvar kode for å laga mange ulike kodar.

Deweys desimalklassifikasjon har tala 0-9 som basis. Døme på ein klassekode er 641.5, som representerer klassen for matlaging.

Bruk

Notasjon vert brukt for å ordna klassane i eit klassifikasjonsskjema. Notasjonen må difor kunna sorterast på ein enkel måte, som alfabetisk eller numerisk. I praksis vert klassekodar tilordna dokument, og dokumenta kan dermed ordnast fysisk på hyller etter denne notasjonen. I bibliotek vil då notasjonen inngå som ein del av hyllesignaturen, som er adressa dokumentet har på hylla.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg