Qoppa er namnet på den forelda greske bokstaven Ϙ, ϙ. Qoppa vart bruka i tidlege utgåver av det greske alfabetet med lydverdien k framføre dei bakre vokalane omikron (Ο, ο), ypsilon (Υ, υ) og omega (Ω, ω), men alt i klassisk gresk hadde han gått av bruk til fordel for kappa (Κ, κ).

Faktaboks

Uttale

k'åppa

Også kjend som

koppa

Qoppa har verdien 90 i det greske talsystemet, men i moderne gresk brukar ein i dag heller forma Ϟ, ϟ som talsymbol.

Qoppa er opphavet til den latinske bokstaven Q.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg