Bokstaven omega i det greske alfabetet i ulike skrifttypar
Bokstaven omega i det greske alfabetet i ulike skrifttypar

Omega er den 24. og siste bokstaven i det greske alfabetet (Ω, ω). Lydverdien var i gamalgresk ein open, lang å-lyd (IPA-lydskrift: ɔː), til skilnad frå omikron (Ο, ο), som var ein kort å (IPA-lydskrift: o). I moderne gresk (nygresk) er uttala av omega og omikron lik, og dei læt om lag som norsk å (IPA-lydskrift: ).

Faktaboks

Uttale
ˈomega
Etymologi
gresk ‘stor o’

Omega har verdien 800 i det greske talsystemet.

Uttrykket alfa og omega har fleire tydingar: 'det fyrste og det siste'; 'det som det framfor alt gjeld'; 'det viktigaste'. Uttrykket finn ein mellom anna i Bibelen i utsegner om Kristus for å særmerkja Kristus som opphavet til og målet for alle ting: «Eg er Alfa og Omega, seier Herren Gud» (Johannes' openberring 1,8; òg 21,6; 22,13). Motivet vart teke opp i kristen kunst, der ein ofte finn alfa og omega i samband med Kristus-monogrammet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg