Praktstær
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Praktstær er ein stor sporvefugl i stærfamilien og har naturleg utbreiing i Aust-Afrika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Lamprotornis superbus
Beskriven av
Rüppell, 1845

Vaksne hannar veg rundt 70 gram og hofuglane rundt 61 gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna jordbruksland, urbane område, tørr og fuktig tropisk skog, tørr savanne, og tørr og høgtliggjande tropisk buskmark. Praktstær lever av forskjellige virveldyr og virvellause dyr (invertebratar) som han finn på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg. Reira blir bygd i hôlrom.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

praktstær
Lamprotornis superbus
Artsdatabanken-ID
184423

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg