Orientsnokørn er ein middels stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Asia.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Spilornis cheela
- Beskriven av
- (Latham, 1790)
Som vaksen er fuglen ca. 60 cm lang, hannfuglar veg rundt 420 gram og hofuglane rundt 560 gram.
Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna jordbruksland, fuktig tropisk skog, mangroveskog, tropisk fjellskog og tørr savanne. Orientsnokørn er ein jegar som lever av vekselvarme virveldyr og små varmblodige dyr som han fangar på bakken og i buskar.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg som blir ruga ut i løpet av ca. 35 dagar. Ungane forlèt reiret om lag ni veker etter klekking.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.