Norzola er ein norsk blåmuggost med gorgonzola som modell. Norzola har vore tilverka sidan 1975. Osten blir forma som ein sylinder på rundt 2,8 kg og pakka i aluminiumsfolie, men blir gjerne seld i mindre einingar. Norzola har fyldig smak med ein mjuk og smidig konsistens, og han blir laga av pasteurisert mjølk og fløyte. Det blir brukt mikrobiell løype i ystinga av norzola.

Faktaboks

Uttale
norzˈola

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg