Nordglattyrannulett
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 4.0

Nordglattyrannulett er ein liten sporvefugl i tyrannfamilien og har naturleg utbreiing i Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Camptostoma imberbe
Beskriven av
Sclater, PL, 1857

Som vaksen veg fuglen rundt sju gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna fuktig tropisk skog, fuktig og tørr tropisk buskmark, jordbruksland, urbane område og tropisk fjellskog. Nordglattyrannulett lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn i tre og i buskar.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen som oftast to egg. Reira blir bygd i hôlrom.

Nordglattyrannulett lever vanlegvis i rundt fem år, men enkelte individ kan bli opptil seks år gamle.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

nordglattyrannulett
Camptostoma imberbe
Artsdatabanken-ID
179916

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg