Markbylbyl
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Markbylbyl er ein middels stor sporvefugl i bylbylfamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Phyllastrephus terrestris
Beskriven av
Swainson, 1837

Vaksne hannar veg rundt 34 gram og hofuglane rundt 28 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, dyrkbar mark, tropisk fjellskog, fuktig tropisk buskmark, og elvar og bekker. Markbylbyl lever i hovudsak av virvellause dyr (invertebratar), vekselvarme virveldyr og frukt som han finn på bakken og i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

markbylbyl
Phyllastrephus terrestris
Artsdatabanken-ID
182620

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg