Malabarplystretrost
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Malabarplystretrost er ein stor sporvefugl i flugesnapparfamilien og har naturleg utbreiing i India.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Myophonus horsfieldii
Beskriven av
Vigors, 1831

Som vaksen er fuglen ca. 28 cm lang og veg rundt 120 gram.

Arten er knytt til tropisk fjellskog, plantasjar, og elvar og bekker. Malabarplystretrost lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar på bakken.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 16 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

malabarplystretrost
Myophonus horsfieldii
Artsdatabanken-ID
183934

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg