Klasseleiing er det læraren gjer for å skape eit læringsmiljø som fremmar og støttar fagleg og sosial utvikling hjå elevane.

Klasseleiing har to formål: å skape og oppretthalde ro i klasserommet så elevane kan engasjere seg i meiningsfull fagleg aktivitet, og å fremme sosial og moralsk utvikling hjå elevane.

For å fylle desse to formåla må lærarane utøve ei rekkje ulike oppgåver. Dei må utvikle ein støttande relasjon med og mellom elevane. Lærarar må vidare organiserer og gjennomføre undervisninga på ein måte som gjer kvar einskild elev kan utnytte sitt læringspotensiale, og føre tilsyn med fagelege og sosiale aktivitetar. Eit sentralt element i klasseleiing er såleis relasjonen mellom elevar og lærarar.

Tre sentrale aspekt ved klasseleiing

Klasseleiing har alltid vore viktig for lærarar, men det er først dei siste par tiåra at det har vore særleg fokus på dette her i landet. I dag er det særleg tre aspekt ein vektlegg ved klasseleiinga: emosjonell støtte, fagleg støtte og tilsyn.

Emosjonell støtte

Den emosjonelle støtta læraren gir både til den einskilde elev og klassa som gruppe er sentral for at læraren kan leie ei klasse mot eit godt og utviklande læringsmiljø for kvar einskild elev. Relasjonsbygging og utvikling av ein god relasjon til kvar elev gir læraren eit grunnlag for å gripe inn og setje grenser for elevar som bryt etablerte åtferdsnormer.

Lærarar som har utvikla gode relasjonar til elevane kan opparbeide autoritet i klassa og vere i posisjon til å stoppe problemåtferd. Gode relasjonar mellom elevar og lærarar fremjar òg motivasjon for læring. Denne effekten vert delvis skapt gjennom effekten støttande relasjonar mellom lærar og elev har på å vekke engasjementet til eleven for læringsaktivitetar.

Fagleg støtte

Elevane si oppleving av fagleg støtte frå læraren er sentralt for ei rekkje tilhøve både fagleg og sosialt. Mangel på støtte kan vere ein risikofaktor for emosjonelle problem hjå barn og unge. Samstundes kan fagleg støtte redusere frustrasjon og tilbaketrekking. Dette medverkar til at elevar kan prestere og auke si faglege kompetanse.

Lærarar som gir fagleg og emosjonell støtte kan gi betre matematikkferdigheiter, elevane utviklar mindre problemåtferd og har større tru på eigne faglege muligheiter enn elevar i klasserom der dei ikkje opplever slik støtte. Lærarar si faglege støtte kan slik vere særleg viktig for elevar som strevar fagleg og medføre at dei utviklar seg betre enn venta (Hamre og Pianta, 2005).

Tilsyn

Tilsyn med elevane sine muligheiter for å praktisere ferdigheiter eller kunnskap elevane tileignar seg har vore sentralt i læraren si rolle som tilretteleggar for læring. Lærartilsyn omfattar òg sider ved lærarrolla som sikrar produktivitet og bruk av varierte undervisningstilnærmingar som støttar utvikling av elevane sine ferdigheiter i sjølvregulering og fremmar læring.

Tydeleg tilsyn med læringsarbeid og åtferd synes å førebygge og redusere problemåtferd. I dette arbeidet er utvikling av rutinar og reglar for livet i og utanfor klasseromet sentralt.

Klasseleiing kan ein oppfatte som den einskilde læraren sin relasjon til elevane i si klasse, men skal den einskilde lærar ved ein skule ha full gevinst av arbeidet med klasseleiing i sitt klasserom vil ein tene på eit godt kollektivt arbeid på skulen der lærarane samarbeidar nært om utvikling av god klasseleiing ved skulen.

Litteratur

  • Bru, E. (2011) Emosjonelt sårbare og sosialt passive elever. I: Midthassel, U., Bru, E., Ertesvåg, S.K. og Roland, E. (red) Sosiale og emosjonelle vansker. Oslo, Universitetsforlaget. s.17-36.
  • Evertson, C.M., & Weinstein, C.S. (2006). Handbook of classroom management: Research, practice, and contemporary issues Mahwah, NJ: Lawrence Erlbaum Associates.
  • Hamre, B.K., & Pianta, R.C. (2005). Can instructional and emotional support in the first grade classroom make a difference for children at risk of school failure? Child Development, 76, 949–967.
  • Ogden, T. (2012) Klasseledelse: praksis, teori og forskning. Oslo: Gyldendal Akademisk.
  • Roland, E. (1998). Elevkollektivet (2. utg.). Stavanger: Rebell Forlag

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg