Kynikar var opphavleg ein tilhengjar av den kyniske skulen, ein filosofisk skule i oldtida i Hellas, grunnlagd av ein av elevane til Sokrates, Antisthenes. Dygda vert sedd på som det høgaste målet i livet, og at lukka ligg i eit dygdefullt og rettskaffe liv, enklast råd og i pakt med naturen. Diogenes frå Sinope var ein typisk representant for kynikarane.

Faktaboks

Etymologi

via tysk Kyniker, frå gresk kynikos 'kynikar' etter namnet på gymnasiet Kynasarges der filosofen og grunnleggjaren av den kyniske skulen Antisthenes underviste; truleg også med henspilling på kynikos (adjektiv) 'hundeaktig' etter den enkle livsførselen til kynikarane

Å vere kynisk er å vere kald, hjartelaus og utan kjensler. Kynisme er ei kjenslekald åtferd, haldning eller uttale.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg