Kynisk er eit lånord som betyr omsynslaus, brutal, krass eller usentimental.

Faktaboks

Uttale
kˈynisk
Etymologi

etter gresk kynikos, grunntyding ‘hundeaktig’, sjå kyn-

Ordet kan brukast om ein person som har ei pessimistisk livsoppfatning og gir uttrykk for dette på ein omsynslaus og krass måte. Ein kynisk person kan dessutan bety nokon som er fråstøytande på grunn av mangel på sømd, takt og tone eller ved krass oppførsel.

Kynisk kan også brukast om skrifter og filosofar som høyrer til den kyniske skulen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg