Krattmyggsmett
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Krattmyggsmett er ein liten sporvefugl i myggsmettfamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Polioptila plumbea
Beskriven av
(Johann Friedrich Gmelin, 1788)

Som vaksen veg fuglen rundt sju gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna jordbruksland, tørr og fuktig tropisk skog, mangroveskog, tropisk sumpskog og tørr savanne. Krattmyggsmett lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i skogen, i buskar og i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 13 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

krattmyggsmett
Polioptila plumbea
Artsdatabanken-ID
182560

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg