Kommunearkiv er arkivinstitusjonar som er oppretta for å bevare og gjere tilgjengeleg eldre og avslutta arkiv frå kommunar og fylkeskommunar.

Kommunearkiva er anten organisert som interkommunale selskap som omfattar fleire kommunar, eller som ordningar for ein kommune eller fylkeskommune. I tillegg til å bevare eldre arkiv, tilbyr kommunearkiva også tenester for å utvikle og styrke det daglege arkivarbeidet i kommunane. Dei fleste bevarer også privatarkiv frå sine distrikt.

Arkivmateriale

Kommunearkiva bevarer arkiv som mellom anna dokumenterer lokalforvaltning, byggjesaker, undervisning, sosialteneste, primærhelseteneste og barnevern. I tillegg til den generelle historiske verdien, kan nokre av arkiva ha stor verdi for enkeltmenneske. Elevarkiv og barnevernsarkiv har såleis vore viktig dokumentasjonsmateriale i saker som gjeld oppreising og erstatning for mangelfull opplæring i grunnskulen, eller omsorgsvikt og overgrep i barneverninstitusjonar.

Kommunale arkivinstitusjonar

  • IKA Finnmark
  • Arkiv Troms
  • Arkiv i Nordland
  • IKA Trøndelag
  • Trondheim byarkiv
  • IKA Møre og Romsdal
  • Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
  • IKA Hordaland
  • Hordaland fylkesarkiv
  • Bergen byarkiv
  • IKA Rogaland
  • Stavanger byarkiv
  • IKA Vest-Agder
  • Aust-Agder museum og arkiv
  • Vestfoldarkivet
  • IKA Kongsberg
  • Drammen byarkiv
  • Fylkesarkivet i Oppland/IKA Opplandene
  • IKA Øst
  • Oslo byarkiv
  • Folloarkivet
  • IKA Østfold
  • Fredrikstad byarkiv

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg