Kjerrtyrann
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Kjerrtyrann er ein liten sporvefugl i tyrannfamilien og har naturleg utbreiing i Sør- og Mellom-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Myiophobus fasciatus
Beskriven av
(Statius Müller, PL, 1776)

Som vaksen veg fuglen rundt ti gram.

Arten er knytt til jordbruksland, tørr og fuktig tropisk skog, tropisk fjellskog, tørr savanne, og tørr og fuktig tropisk buskmark. Kjerrtyrann lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 17 dagar. Ungane forlèt reiret om lag to veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

kjerrtyrann
Myiophobus fasciatus
Artsdatabanken-ID
180198

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg