Kharijiar er ei islamsk retning i opposisjon til både sjia- og sunni-retninga av islam. Det var først brukt om muslimar som forlet slaget ved Siffin i 657, kampen mellom den fjerde kalifen Ali ibn Abi Talib og umayyadanes leiar Muawiya. Kharijiane reiste seg mot begge, og vart knytta til fleire oppreister i det første hundreåret av islam. Dagens ibadiar oppstod frå kharijismen som ei meir fredelig retning, men uttrykket «kharijiar» blir likevel idag gjerne brukt for «ekstremistar» innan islam.

Faktaboks

Uttale

kh'aridjiar

Etymologi
frå arabisk khārijī, ‘dei som går ut’
Også kjend som

kharijitter

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg