Ibadiane er ei av dei tre hovudretningane i islam, ved sida av sunni- og sjiaislam. Den ibadiske retninga er også den minste, med om lag 2,5 til 3 millionar tilhengarar. Dei fleste bur i Oman, der sultanen og rundt halvdelen av innbyggarane tilhører retninga, men det er også ibadiske grupper i Nord-Afrika og Aust-Afrika.

Faktaboks

Uttale
ibadˈitter

Historie

Ibadiane reknar seg som den eldste teologiske retninga i islam og knyter historia si tilbake til slaget ved Siffin mellom kalif Ali ibn Abi Talib og umayyadane i Damaskus i 657. Då Ali godtok mekling med motstandarane sine, erklærte ein del av hæren hans at han ikkje var rettmessig kalif, sidan «berre Gud kan avgjere» på slagmarka. Dei vart derfor kalla kharijiyya, som betyr «dei som forlot» . Ibadiane i dag avviser i stor grad noe band til desse kharijiane, sidan dette vart til eit utnamn på valdelige ekstremistar, men erkjenner at deira retning oppstod med «dei som forlot».

Ei gruppe lærde som delte dette synet, samla seg i byen Basra i Irak, trulig rundt år 700. Etter at abbasidane tok makta i Irak i 750, trakk desse seg tilbake til Oman, heilt sør på den arabiske halvøya, der dei fekk oppslutning i stammane inne i landet. Ibadiane anerkjente ikkje umayyade- eller abbaside-styret og oppretta ein eigen stat, eit imamat, i Oman. I 1741 tok ein sultan frå Bu-Sa’idi-familien makta, og denne familien styrer Oman framleis.

Midt på 700-talet spreidde ibadisk tru seg også mellom berberar i Nord-Afrika. Frå siste del av 700-talet stod store delar av Maghreb under leiing av ibadiar. Da regionen vart erobra av dei sjiiske fatimidane i 909, trakk ibadiar seg tilbake til oasar i ørkenen eller andre utkantar. I dag er det om lag 200 000 ibadiar i Nord-Afrika. Sidan Oman i lange periodar også styrte delar av den austafrikanske kysten, er det også noen titusen ibadiar att her.

Teologi

Ibadiane reknar seg i prinsippet som dei einaste «ekte» muslimane. Andre muslimar blir sett på som «hyklarar», men ikkje som vantru, siden dei er «slike som ber». Ibadiane har derfor gjerne prøvd å skilje seg frå dei andre, men lever mellom dei og samhandlar med dei. I praktisk teologi er det lite som skil ibadiar frå sunniar og sjiaer. Dei meier at «den beste» muslimen, altså han som er from og lærd, men også god til å leie, har rett til å vere imam, uavhengig av slektskap og etnisitet. Det er ingen forrang for arabarar. Dei erkjenner dei to første kalifane Abu Bakr og Umar som gode kalifar, mens Uthman og Ali mista retten til å styre. Av seinare kalifar godtar dei berre den fromme Umar II (717–720). Imamen har hos ibadiane ingen annan status enn å leie samfunnet, og det kan vere fleire imamar i ulike delar av verda samtidig.

Ibadiane har sin eiga samling av hadith (profet-tradisjonar), men kan også godta sunniske samlingar. Dei utgjer ein eigen lovskule, som i mange tilfelle fell saman med sunnisk lov, men har sin eiga historie og på fleire punkt markerer seg med særskilde standpunkt.

I Oman, der ein ibadisk sultan styrer over eit land der halvdelen av folket er sunniar eller sjiaer, har likevel styresmaktene lagt vekt på det som samlar alle muslimar. Dei har nekta å ta stilling til konfliktane mellom sunniske- og sjiastyrte land i regionen.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg