Faktaboks

Muawiya ibn Abi Sufyan
Fødd
602, Mekka
Død
680, Damaskus
Levetidskommentar
fødselsår er omtrentleg

Muawiya ibn Abi Sufyan var grunnleggaren av Ummayyade-dynastiet og den første kalifen frå dette dynasiet.

Muawiya var son av profeten Muhammeds fiende Abu Sufyan, men godtok islam då Muhammed vann over Mekka. Han fekk ein høg stilling hos Muhammed som hans sekretær, og kalifen Uthman, ein slektning av Muawiya, utnemnde han også til guvernør av Syria. Da Uthman vart drepen i 656, forlangte Muawiya, som leiar av Umayya-familien, at mordet måtte hemnast. Kalifen Ali kunne ikkje innfri det, så Muawiya sette i gang ein oppreist frå Syria. Etter at Ali vart myrda i 661, tok så Muawiya over som kalif.

I Muawiyas tid var styret i riket framleis i stor grad stammebasert. Han byrja likevel å bygge ein administrasjon, der han kombinerte eksisterande romerske styresett med eit arabisk og muslimsk preg. Den arabiske ekspansjonen heldt fram, og han styre gjaldt mest erobrarane, dei overvunne samfunna heldt i hovudsak fram som før, så lenge dei betalte skatt til herskaren.

Muawiya peikte ut sonen Yazid som sin etterfølgar. Med det vart dynastiet innført som eit nytt prinsipp i det muslimske styra.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg