Løsermer av kammerduk
Av .

Kammerduk er eit tynt, lerretsvove bomulls- eller linstoff som minner om batist og linon, men som ikkje er fullt så tettvevd.

Faktaboks

Etymologi
engelsk cambrick, føreleddet etter det franske bynamnet Cambrai (på nederlandsk Kamerijk)
Også kjend som
kambrik

Kammerduk vart opprinneleg laga i den franske byen Cambray.

Det vart også laga kammerdukstørkle av ulike kvalitetar og kammerduk har vorte nytta i lausmansjettar, lommetørklær og tynne sjal til å ha over skuldrane.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg