Artikkelstart
Kamelgarn er tynt kamgarn av mohair, kamelhår eller ull frå Tyrkia og Persia, oftast brukt som broderi- eller sytråd.
Faktaboks
- Også kjent som
-
kammelgarn
Garnet er for ein stor del spunne av hår frå angorageit, altså mohair, men også av andre typar geitehår og ekte kamelhår.
Kamelgarn er vanleg i svart, raudt og grått og vart brukt over heile Europa. Mest brukt til brodering og sying av knapphol og liknande.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.