Utendørs baneløp i friidrett hvor tunge hindre som ikke kan veltes skal passeres underveis. Passeringsmåten er valgfri så sant begge ben føres over toppen på hinderet. Mest effektivt er å hoppe over i et forlenget løpesteg som i hekkeløp, men hindrene kan også tråkkes på. Mesterskapsdistansen er 3000 m med i alt 35 hinderpasseringer, derav sju med vanngrav bak. Man løper sju hele runder, hvor fem hindre passeres per runde, pluss en startstrekning uten hindre. De fem hindrene på runden er jevnt fordelt rundt banen. Det fjerde hinderet i hver runde er vanngravhinderet, som er fast montert på banen. De andre hindrene kan flyttes. Juniorer løper også 2000 m hinder med 23 hinderpasseringer (inkludert fem vanngraver), og jenter/gutter løper 1500 m med 15 hinderpasseringer.

Hindrene er 91,4 cm høye (kvinner og jenter/gutter 76,2 cm), minst 3,94 m brede og veier 80–100 kg. Topp-planken er 12,7 cm bred med vekslende mørke og lyse felt. Hindrene plasseres på tvers av de tre innerste løpebanene og slik at topp-planken går 30 cm innenfor indre bane. Vanngraven er 3,66 m lang og vanngravhinderet 3,66 m bredt. Vanndybden bak hinderet er 70 cm (evt. 50 cm), etter 30 cm (evt. 120 cm) stiger så bunnen jevnt oppover til banenivå ved gravens bortre ende. Løperne tråkker alltid på hinderet for å ta sats, og de må lande foran eller i vannet, ikke ved siden av.

På en friidrettsbane er vanngraven med hinder fast montert enten innenfor eller utenfor den andre svingen, på eksisterende norske baner innenfor. Rundelengden i hinderløp varierer derfor med plasseringen av vanngraven. Med vanngrav innenfor løpebanene er norsk standard rundelengde 397,83 m. Med vanngrav på utsiden avviker rundelengden mye mer, til godt over 420 m avhengig av antall løpebaner. Totaldistansen 3000 m oppnås ved å justere avstanden fra startstrek til første hele runde (dvs. målstreken), og dette stykket løpes uten hinderpasseringer ved at hindrene her først settes ut når løperne har passert én gang.

Hinderløp oppstod i Storbritannia og ble i begynnelsen ofte arrangert som terrengløp (steeplechase). Det første løpet regnes å ha funnet sted i 1850 ved universitetet i Oxford. Hinderløp er OL-øvelse fra 1900, i begynnelsen over varierende distanser. Fra og med 1920 ble distansen standardisert til 3000 m, men antall hinderpasseringer vekslet fremdeles fra bane til bane, og offisielle rekorder ble ikke notert før i 1950-årene. Fra 1960-årene har kenyanske løpere dominert hinderløping. 3000 m hinder ble i 2005 også VM-øvelse for kvinner, i 2008 OL-øvelse.

I Norge er NM i 3000 m hinderløp arrangert for menn fra 1947, for kvinner fra 2000. Flest mesterskap har Jim Svenøy (12). Ernst Larsen vant EM-bronse i 1954 og OL-bronse i 1956 på distansen, Jim Svenøy EM-bronse i 1998. Karoline Bjerkeli Grøvdal vant junior-EM i 2007.

Det er notert offisielle verdensrekorder på 3000 m hinder for menn fra 1954 og for kvinner fra 1999. Per 25. aug. 2011 er verdensrekorden for menn 7.53,63 (Saif Saaeed Shaheen, Qatar, satt i 2004) og den norske rekorden 8.12,05 (Jim Svenøy, satt i 1997). For kvinner er verdensrekorden 8.58,81 (Gulnara Galkina, Russland, satt i 2008) og den norske rekorden 9.33,19 (Karoline Bjerkeli Grøvdal, satt i 2007).

Du kan også lese om hinderløp i hestesport, eller om hinderløp i militærvesen.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

5. februar 2010 skrev Gisle Tjong

Eg ser jo at det ikkje er rette årstida for å gå ut for å kontrollera ved å måla opp på ein eller fleire banar, men det må de berre gjera. Det bør Rolf Bryhn også gjera!

3000 m hinder startstrek skal de finna ein 15-16 meter frå svingen. Og 2000 m hinder 5/7 av dette, frå målstreken. Og 1500 m hinder 3/7 av dette, bak startstrek 1500 m flatt.

Elles kan eg senda dykk ein teikning på faks, pluss utrekningane på e-post. Så kan de kontrollrekna sjølv.

Eg vil sitera frå internasjonal handbok, om dette med 390 og 410 m som hinderrundelengd.

It is assumed that a lap of 400 metres has been shortened or lengthened by up to (repeat up to)10 metres by constructing the water jump inside or outside the track.



Som de ser, 390 og 410 er berre grenser for kor mykje ein kan variera på lengda. Det er ikkje slik at lengda av hinderrunden er anten 390 eller 410 m. 410 m ville elles vore umogleg å få til. Sjå nedanfor.

Som eg har nemnt før, er norsk standard 397,83 m. Etter 36,5/16/4,66.

Tysk standard er 396,25 etter 36,5/16/6,64.

Viss vassgrava skal liggja utanfor banen, vil hindrrundelengda verta minst 425 m. Av di langsidene må forlengjast tilsvarande flyttinga av vassgrava. For åttebanarsanlegg er det snakk om endå fem meter.

Men slikt trur eg knapt finst i dette landet.

Og så må eg nemna at eg har allereie skrive ei lærebok om banemerkingskontroll. De kan få ho tilsendt, men då på diskett. Det er på høg tid at nokon skriv ei slik bok, så mykje feilmerking som finst på banar rundt ikring, både i Noreg og andre stader.





Gisle Tjong

8. februar 2010 skrev Gisle Tjong

Dette tullet frå Rolf Bryhn viser tydeleg at han held seg til kartet, medan han burde ta seg ein tur ut i terrenget i staden. For viss kart og terreng ikkje stemmer overeins, så er det oftast kartet det er noko feil med. Det burde vera eit hint til redaksjonen òg.

I Oslo-området er det t.d. Bislett, Nadderud, Stovner, Lambertsæter, Idrettshøgskulen, Ski, Kolbotn og noko nær Tveita som eg ikkje hugsar heilt namnet på nett no. Sikkert endå fleire.

Det eg ber dykk om, er ganske enkelt å måla kor langt det er frå startstad 3000 m hinder, og til første målpassering. De vil overalt finna at det er kring 215-216 meter. Eller enklast er det å berre måla fram til første sving. Trekk då ifrå 200 m, og tilsvarande avstand vert då 15-16 meter.

Eg seier ikkje at oppmerkinga er rett. Det er ho oftast ikkje, men feilen er ikkje så veldig stor. Oftast mindre enn ein meter. Men t.d. på Lillehammer er feilen 7,5 meter. Stampesletta. 70 meter vil de aldri finna, ikkje eingong noko i nærleiken.



Og så noko om dette med 18 hinder på 1500 m hinder. Det er umogleg, viss det ikkje skal nyttast vassgrav. Det er nemleg berre fire lause hinder, og for å få til 18 hinderpasseringar, må ein springa minst 1800/400 = 4,5 rundar, eller 1800 meter. Så det er heilt umogleg, i og med at distansen er berre 1500 meter.



Ein bane på 410 meter er òg umogleg. I så fall måtte du ha forlengd langsidene med fem meter, og flytta vassgrava tilsvarande. Ho ville i så fall verta liggjande midt i normalløpebanen. Teikna opp sjølv, så vil de sjå det. Vanvetig at noko slikt kan få plass i internasjonal handbok. Det er mindre begåva, for å seia det mildt.

Skal du ha vassgrava utanfor banen, må hinderrunden nødvendigvis verta 25-30 meter lengre enn om vassgrava ligg på innsida av normalbanen, av di langsidene må forlengjast nok til at vassgrava faktisk vert liggjande på utsida. 25 meter for seksbanars anlegg, og 30 meter for åttebanarsanlegg.

Og standard lengd for norske banar er altså no 397,83 m. For tysk standard, med vassgrava 1,98 m lengre inne på banen, er 396,25 m. (4,66 og 6,64 m, inste kanten, målt mot sarg midt i svingen).

For å koma ned på 390 meter, måtte tilsvarande avstand vera 12,3357 meter. Då hadde ein fått problem med å plassera tekniske øvingar som høgde, stav eller kulestøyt, pluss at inn- og utløpet til vassgrava ville ha kome i konflikt med diskos- og sleggeringane.



Bryhn kan umogleg ha nemnande praktisk erfaring frå friidrett, som funksjonær eller domar. Dette er eit typisk skrivebordsprodukt. Det same er elles den internasjonale handboka, spesielt på dette punktet. Men der står det ikkje at hinderrunden ER 390 eller 410 m. Det er berre nemnt som eit slags pedagogisk eksempel. Enkelt å rekna med, liksom.

I den norske utgåva står det at Det kan derfor ikke gis faste regler for hvor lang en runde skal være, eller hvor vanngraven skal plasseres. Man bør passe på at det er tilstrekkelig avstand fra startstreken til første hinder, for å hindre at deltakerne klumper seg sammen. Sitat slutt.

Det siste poenget tok eg med av di det vert eit stort problem viss vassgrava er plassert på utsida. Då vert 3000 m tilnærma lik 7 rundar, og avstand fram til første hinder, gitt lik hinderavstand heile vegen, kan verta ned mot 14 meter.



Eg ser jo at dette er ei noko pinleg sak for snl, men eg reknar med at de er vaksne nok til å rydda opp i saka. Snarast. Og seinast så snart banane kring Oslo er frie for snø. Lat gjerne meg få sjå på alt anna de skriv som har med friidrett å gjera. Eg har mykje eg skulle ha kome fram med. Som går på feilmerking, stort sett. Men ikkje noko i nærleiken av 70 meter, som i dette eksemplet. Men det kan verta mange feil av det, som t.d. på vår lokale bane her på Stord, med langt over 160 feil, frå ei oppmerking i 2005. Dei gjer eit par logiske feil, og så får me ein dominoeffekt, som gjer at feiltalet eksploderer.

Dette kunne elles ha vore/vorte ei kjempesak for snl.



Helsing



Gisle Tjong

9. februar 2010 skrev Gisle Tjong

Etter den same utrekningsmåten som gjer 397,83 m som norsk standard, skal talet for tysk standard vera 396,2472 m. 396,084 vert det om du reknar + 20 cm på overgangskurvene. Etter norsk standard skal det reknast 30 cm her òg. Det har eg frå både Kolbjørn Sæves og Finn Skram, som hadde litt med Friidrettsforbundet å gjera på 80-talet.

Men då er det ein føresetnad at det vert sett ut kjegler på streken som tilsvarar sarg.

Noko anna enn 30 cm ville òg vera ulogisk, for korleis skulle ein måla nett i overgangane mellom normalbane og overgangskurvane? Teikn opp og sjå sjølv. 20 cm er direkte ulogisk.



To ting til. 15 hinder på 1500 m hinder, ikkje 16. Første hinder etter første gongs målpassering, derifrå tre rundar, med fem hinder i kvar runde. Sjå teikning bak i norsk handbok. Tekst nedst på sida i mi bok i alle fall.



Så til den raude teikningen som er vist i leksikonet, av eit friidrettsstadion. Det skal vera eit rettstykke både framfor og bak vassgrava. På ein norsk standardbane skal overgangskurvene smelta saman med normalbanen i ein vinkel på 56,2171 nygrader (400 på ein sirkel). Og lengda av rettstykket skal vera 26,0265 meter. Radius overgangskurver 16 m.



Det kan godt tenkjast at eg hadde hatt fleire ting å kommentera, med omsyn på stoff om friidrettsoppmerking. Det er noko nær ein skandale slik det vert utført i dag. På Stord fann eg om lag 165 feil, og det var i 2005. Dette vil eg at du og eg skal diskutera vidare, direkte på e-post. Du har mi adresse der. Det kan koma til å verta ei aha-oppleving, ikkje minst med omsyn på Stampesletta.

9. februar 2010 skrev Gisle Tjong

1. Vassgrava er 70 cm brei berre dei bakarste 30 cm, ikkje 120-30 cm.



2. Avstand til 1. hinder er, i standard norsk løysing, nøyaktig 233,21 m. det vil seia 15,19 m fram til første sving, 200 m fram til målstreken, og 18 m derifrå og fram til hinder 1. Hindera er då utplassert med 397,83/5 = 79,566 m mellom kvart av dei, med utgangspunkt i det faste vassgravhinderet, midt i 2. sving.



3. Viss du har vassgrava på utsida, er minimum hindrrundelengd på eit seksbanarsanlegg 423,79 m. Det vil seia 397,83 m pluss to gonger (4,66 + 7,32 + 1)m. Svingen er med andre ord konstruert eksakt som om hinderet stod på innsida av løpebanen. Berre forskuva 12,98 m (parentesen over) meter fram. Då har du 1 m frå ytste kant av bane 6, og ut til inste kant i vassgrava. Det er det same som du har mellom indre kant av bane 1, og ytste kant av vassgrava, på vassgrav plassert på innsida av normalbanen.



4. For åttebanarsanlegg skal du altså berre leggja til 2 x 2 1,22 m. Då er me oppe i 428,67 m. Dersom me juksar 1 m ned til 95 cm, er me nede på ein hinderrunde på særs praktiske 428,57 m. Kvifor er det så praktisk? Jo, av di det då vert EKSAKT 7 rundar på eit 3000 m hinder-løp. Og 3000 m hinder får same startstrek som 10 000 m.



5. Aberet med ei slik løysing for åttebanarsanlegg, det er at det vert berre 15 m fram til første hinder. I alle fall viss me skal ha lik hinderavstand, og me tek utgangspunkt i det faste vassgravhinderet. 15 m er om lag som på 110 m hekk (13,72 m) og 200 m hekk (16 og 18,29 m (k/m)). Så det er litt for brutalt. Her må nok hindera flyttast litt fram. Så får me berre akseptera at det vert noko kortare avstand enn 85,71 m mellom 1 og 2, mellom 2 og 3, og mellom 3 og 4(vassgrav), og noko lengre enn 85,71 m(Egil Danielsen, lett å hugsa) mellom 4 og 5, og mellom 5 og 1 (neste runde).



Som du skjønar, dette kunne eg ha skrive ei bok om. Gje meg eit faksnummer, så skal eg faksa ein teikning til deg, så du ser korleis det skal/må gjerast. Viss IAAF seier 419 meter og nokre centimeter, så viser det at dei ikkje har tenkt saka grundig nok igjennom. Eg skjønar korleis ein har kome fram til det, men det går ikkje an å ha det slik.



Gisle Tjong

10. februar 2010 skrev Gisle Tjong

Det er alltid vassgrav på 1500 m hinder. Noko anna er praktisk umogleg, i og med at det berre finst fire lause hinder på kvar bane. Pluss vassgravhinderet. skal du få fem hinder for kvar runde, MÅ du nytta vassgravhinderet.



Så må de retta 120-30 cm til 30 cm.



Og dette med 419 m må de retta, til 428,57 m, for åttebanarsanlegg, og 4,78 m kortare, altså 423,79 m, for seksbanars. Dette kan variera noko med baneradius, og med overgangskurveradius. Dette av di det skal vera eit rettstykke framfor og bak vassgrava, og av di overgangskurvene difor vert noko heilt anna enn det de synest å ha tenkt, jf. teikning, og slik eg skjønar at de har kome fram til dette med 419,4 m. Så enkelt er det ikkje.

For tysk standard er rettstykket endå lengre, 30,2093 m for å vera heilt nøyaktig. Mot altså 26,0265 m for den norske standardløysinga. dette gjeld uansett om hinderet ligg innafor eller utanfor normalbanen.

OK, dette er litt komplisert. Eg skulle ynskja eg kunne ha vist dykk dette sånn face to face, men det går vel ikkje. Men gje meg eit faksnummer, så skal eg få sendt over både korrekte teikningar for begge alternativ av vassgravplassering, og utrekningar for kor lang hinderrunden vert i kva tilfelle. Det inneheld ein god del trigonometriske berekningar, men eg reknar ikkje det for å vera noko problem.

Har du spørsmål til artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.