Gradetur er eit omgrep som blir brukt om forskjellige silkestoff av god kvalitet.

Faktaboks

Etymologi
forvanskning av Gros de Tour, stoff fra den franske byen Tours
Også kjend som
gradetus, gradetour, graditur, gradetures, gradtours

Det finst fleire dels ulike kvalitet, mellom anna taft med særleg tjukk tråd både i renning og innslag (gros de Naples, gros de Tours). Det kan og nyttast om taft som ved vekslande bruk av tjukk og tynn tråd i innslaget (sjeldnare i renninga) fekk ein stripete eller kornete utsjånad (gros de faille, gros de Paris, gros de Suez, gros grains).

Teknikken er lik ripsveving.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Imsen/Winge: Norsk Historisk Leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg