rips (veving)

renningsrips med tykt innslag
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Artikkelstart

Rips er ein vevnad som kjenneteiknast ved tydelege horisontale riller (renningsrips) eller vertikale riller (innslagsrips) i overflata. Grunnbindinga i ein rips er ei lerretsbinding.

Faktaboks

Også kjent som
renningsrips, varprips, innslagsrips, silkerips

I ein renningsrips er renninga tredd så tett at den dekker innslaget. Dei horisontale rillene kjem tydeleg fram når innslaget er av tykt eller av fleirlagt tynt garn. Renningsrips som teknikk vert bruka til dømes i band (ripsband) vove i grindvev. Renningsrips vert også bruka i til dømes bordløparar og golvmatter.

I ein innslagsrips er det innslaget som dekker renninga. Renninga bør vere tredd glissent, slik at innslaget lett kan dekke renninga. Eksempel på innslagsrips er biletvev, gobelin- og kelimvev.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Sigurd Bretteville-Jensen: Studieplan i bunadkunnskap, 1979
  • Ulla Cyrus-Zetterström: Handbok i vävning, 1980

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg