Gjøglertodityrann
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Gjøglertodityrann er ein liten sporvefugl i tyrannfamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Todirostrum cinereum
Beskriven av
(Carl von Linné, 1766)

Som vaksen veg fuglen rundt sju gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna jordbruksland, urbane område, tørr og fuktig tropisk skog, tropisk fjellskog og tørr savanne. Gjøglertodityrann lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i skogen, i buskar og i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 18 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

gjøglertodityrann
Todirostrum cinereum
Artsdatabanken-ID
180139

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg