Gallaparadismonark
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Gallaparadismonark er ein middels stor sporvefugl i monarkfamilien og har naturleg utbreiing i Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Terpsiphone paradisi
Beskriven av
(Carl von Linné, 1758)

Som vaksen veg fuglen rundt 20 gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna fuktig tropisk skog, temperert skog, jordbruksland, urbane område og mangroveskog. Gallaparadismonark lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i tre, i lufta og i skogen.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 16 dagar. Ungane forlèt reiret om lag to veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

gallaparadismonark
Terpsiphone paradisi
Artsdatabanken-ID
181713

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg