Flekktodityrann
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Flekktodityrann er ein liten sporvefugl i tyrannfamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika og Karibia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Todirostrum maculatum
Beskriven av
(Desmarest, 1806)

Som vaksen veg fuglen rundt sju gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna jordbruksland, urbane område, fuktig tropisk skog, mangroveskog og fuktig tropisk buskmark. Flekktodityrann lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i buskar og i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 17 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag to veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

flekktodityrann
Todirostrum maculatum
Artsdatabanken-ID
180137

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg