Evnerike barn og unge har høgare akademisk potensiale enn elevar på same alder. Desse elevane kan ha evner i eitt eller fleire fag og/eller kunstneriske evner.

Elevar som i forsking vert omtalte som evnerike, er eksepsjonelt sterke i fag som matematikk, kjemi, teknologi, historie, språk eller kreative/estetiske fag, men dei er meir enn berre skuleflinke (Idsøe 2014). Til dømes skil læringsåtferda hos evnerike elevar seg frå andre barn si. Dei forstår omgrep raskare, ser samanhengar lettare og er meir nyfikne enn jamaldringar. Elevane utforskar gjerne meir og over lengre tid, er generelt betre til å konsentrere seg over lengre periodar og dei likar å spekulere rundt moglegheiter. Dei har stort behov for å forstå meininga med det dei lærer og opplever. Dei kan også vere meir sensitive for sosiale og emosjonelle opplevingar. Dei likar ikkje å gjenta arbeid og vil raskt framover. Nokre gonger stemmer ikkje deira interesser og evner med det læraren underviser.  

Elevane har behov for ei tilpassa opplæring for å utnytte dette potensialet, noko dei har rett til etter opplæringslova. Evnerike elevar har krav på opplæring tilpassa deira evner, anlegg og føresetnader, på lik line med andre elevar. Idsøe (2014) viser til at det akademiske potensialet til denne gruppa elevar  berre vert eit talent dersom behov og potensiale hos eleven vert identifiserte og møtt i eit læringsmiljø som tek omsyn til eleven sitt potensiale for utvikling.

Høgt potensiale er såleis ikkje tilstrekkeleg for å oppnå akademisk suksess eller utvikle talent (Subotnik et al. 2011; Idsøe, 2014). Interesse og motivasjon for eit område er også nødvendig for å oppnå resultat. Det inneber at denne gruppa har behov for undervisning som stimulerer interesse og motivasjon. Tilpassa undervisning og sosial og emosjonell støtte er viktig for å lykkast i utvikling av potensialet. Ofte får ikkje denne gruppa elevar den tilpassa opplæringa dei har krav på (Idsøe, 2014).

Omfanget av elevar i denne gruppa er uklart, og har i nokon grad samanheng med kva definisjon ein nyttar av omgrepet evnerike barn. Det er så langt ingen norsk studie som kan seie noko klart om omfanget. I Stortingsmelding nr. 31 (2007-2008) Kvalitet i skolen er det vist til at rundt ein fjerdedel av elevane i norske skular opplever at det ikkje er nok utfordringar i skulen. Danske og amerikanske studiar (Theilgaard og Raaschou, 2013; Csikszentmihalyi et al. 1997) tyder på at ca. 20 prosent av elevane ikkje får utfordringar tilpassa sitt høge potensiale. Med dette utgangspunktet og definisjonen som er gitt over, viser Idsøe (2014) til at gruppa truleg utgjer omlag 20 prosent av elevane. Dette kan innebere fleire elevar i kvar skuleklasse.

  • Csikszentmihalyi, M, Rathunde,C. & Whalen, S. (1997) Talented teenagers. The roots of success and failure. New York: Cambridge University Press. 
  • Idsøe, E.C. (2014) Elever med akademisk talent i skolen.  Oslo: Cappelen Damm Akademiske.
  • Skogen, K. og Idsøe, E.C. (2011) Våre evnerike barn - en utfordring for skolen. Kristiansand: Høyskoleforlaget.
  • Subotnik,R.F., Olszewski-Kubilius, P. & Worrell, F.C. (2011) Rethinking Giftedness and Gifted Education:  A Proposed Direction Forward Based on Psychological Science. Psychological Science in the Public Interest, 12, 3–54.
  • Theilgård, L., Mathiesen, K., Lühr-Madsen, Frederiksen, T., E. og Raaschou, N. (2013) Københavnerbarometeret 2013-resultater og analyse. København : Børne- og ungdomsforvaltningen.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.