Entalpi er eit omgrep innan kjemi og termodynamikk som seier noko om mengda varme i eit system. Entalpi er ein termodynamisk tilstandsfunksjon med symbol H.

Faktaboks

Uttale
entalpˈi
Etymologi
av en- og gresk ‘varme, hete’
Også kjend som

H

Entalpifunksjonen blir definert slik:

H = U + PV

Her står U for den indre energien til systemet, P for trykket og V for volumet av systemet.

Bruk

Entalpifunksjonen blir brukt særleg ved berekningar av prosessar der trykket blir halde konstant, som ved ein faseovergang (smelting, frysing, fordamping, kondensasjon) eller ein kjemisk reaksjon. For ein faseovergang som smelting er forandringa i entalpi, ΔH, lik smeltevarmen, eventuelt fordampingsvarmen.

For ein kjemisk reaksjon blir ofte danningsentalpienoppgitt. Eit døme er danningsentalpien for vatn:

H2(g) + ½O2(g) → H2O(l) ΔH0f = −286 kJ/mol

Her står f for formation, det engelske ordet for danning.

Ein negativ verdi for entalpiforandringa viser at det i denne reaksjonen blir frigjort energi.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg