Eksempel er eit einskilt tilfelle eller forhold som blir brukt til å kaste lys over ein ålmenn regel; ordet blir òg brukt om eit tilfelle, forhold som kan tene til mønster eller åtvaring.

Faktaboks

Uttale
eksˈempel
Etymologi
av latin, eigentleg ‘noko utteke, utvald’

Historisk bruk

I mellomalderen var eksempelet også ei litterær form (latin exemplum), nært beslekta med den bibelske likninga. Eit slikt eksempel var ei kort historie, gjerne i form av ein fabel eller ei legende, med eit tydeleg moralsk poeng. Det var oftast utstyrt med ei fortolking etter sjølve historia. Eksempelet var eit innslag i ein større tekst, der det fungerte som ein modell som skulle illustrere ein bestemt idé og understreke den logiske argumentasjonen elles i teksten.

Den norrøne termen for mellomalderens eksempel er gjerne dǿmisaga, 'dømesoge', eller berre dǿmi. Det er eit hyppig brukt verkemiddel i lærdomslitteratur som Kongespegelen og den oppbyggjelege Soga om Barlaam og Josafat, men eksempel førekjem òg i Sverressoga.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Haugen, O. E. (2009). Forteljingane i forteljinga: Interpolasjonane i Barlaams ok Josaphats saga. I K. G. Johansson & M. Arvidsson (Red.), Barlaam i nord: Legenden om Barlaam och Josaphat i den nordiska litteraturen (s. 47–73). Oslo: Novus.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg