Dusktigerhegre
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Dusktigerhegre er ein fugleart i hegrefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Tigriornis leucolopha
Beskriven av
(Jardine, 1846)

Vaksne hannar veg rundt 220 gram og hofuglane rundt 350 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, mangroveskog, tropisk sumpskog, og elvar og bekker. Dusktigerhegre er ein jegar som lever av virvellause dyr (invertebratar) og vekselvarme virveldyr som han fangar i vassoverflata og på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

dusktigerhegre
Tigriornis leucolopha
Artsdatabanken-ID
175049

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg