Dreng er ein ung gut i alderen mellom lite barn og vaksen. Ordet kan også bli brukt om ein medhjelpar, særleg på ein gard.

Faktaboks

Etymologi

av norrønt drengr, '(ung) mann, gut'. Grunntydninga er truleg 'stokk, stong'

I norrønt var drengr ein gjæv mann, ein med dygder som ære, djervskap og vågemot. Krigarar vart ofte omtala som drengar, og det var ein heiderstittel. Dette kjem til syne i uttrykket hafa dreng i serk sér, bokstaveleg 'ha ein dreng under skjorta', som betyr å vere uredd og framfus.

Drengr kunne også bety 'ung, uetablert mann' og vart gjerne brukt om ein som tente hjå hovdingar og mektige bønder.

Etter kvart kom «dreng» til å bli brukt generelt om unge menn og generelt om menn som var i teneste hjå andre. Slik bruk av ordet byrja allereie utover i mellomalderen og har halde seg heilt til våre dagar, særleg om gardsgutar og medhjelparar i andre yrke (til dømes lensmannsdreng).

Dreng er også eit mannsnamn.

I dansk har «dreng» hatt liknande tydingar som i norsk, men blir no oftast brukt om eit gutebarn i dei første leveåra.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg