Draktområde er eit omgrep som blir nytta i samband med bunader og folkedrakter. Det er eit område som tradisjonelt har hatt sin eigen klesskikk, det vil seie ein klesskikk som skil seg frå folkedraktene i andre område og frå samtidsmoten.

I bygdemiljø i mange område av landet vårt har klesskikken vore annleis enn motane i samtida, og ulik frå distrikt til distrikt. Særpreget kunne liggja i alle plagg, frå dei inste til dei ytste, frå kvardagskleda til høgtidsstasen. Med litt kjennskap til klesskikkane rundt om i landet kunne ein sjå på kleda kor folk var frå.

Folk hadde gjerne lite direkte føling med dei skiftande motane. Det var måten sambygdingane kledde seg på, som var førebiletet for kvar einskild, og som skapte meiningar om fint og stygt, passande og upassande.

Det lokale særpreget i folkedraktene gjeld fyrst og fremst snitt og pryding og mindre val av tekstilar. Saman med heimelaga materiale nytta ein utanlandske varer. Det var med andre ord ikkje slik at alt vart laga lokalt og mykje av det som har blitt laga lokalt har tydelig inspirasjon frå importvarer. Den same typen innførte tekstilar har vore brukt til fleire folkedrakter og i fleire draktområder. Men dei har vore brukte i ulike samanhengar og til dels på ulik måte.

Normer

Dei lokale drakttradisjonane inneheldt ei rekkje normer, eller uskrivne reglar for kva som var høveleg klesbruk. Folk flest heldt seg innanfor rammene av denne klesskikken. Styresmaktene gav nokre påbod mot overdriven luksus, men dei hadde liten verknad. Kvar einskild kunne velja stoff, fargar og pynt etter det som var å få, og som ein hadde råd til.

Normene omfatta ikkje berre utforminga av dei ulike plagga, men òg påkledning og kva plagg ein skulle bruka ved ulike høve.

Over lengre tid har folkedraktene likevel endra seg. Klesskikken kunne verta påverka av moten, av draktene i grannebygdene og av lokale endringar i normer og ideal.

Mote

Utover på 1800-talet tok folkedraktene mange stader til å verta bytte ut med motekjolar og dressar. Denne prosessen kom til ulike tider i ulike område. Somme stader er det att få minne om den lokale drakttradisjonen, medan det finst bygder der lokal draktskikk heldt seg til inn på 1900-talet, og der det var ei samanhengande utvikling frå folkedrakt til bunad. Setesdal, Hallingdal, Numedal og Fana ved Bergen er døme på område der folkedraktene var svært lenge i bruk. I endå sterkare grad gjeld dette samiske område.

Draktområde

Draktområda fylgjer ikkje fylkes- og kommunegrensene. Det er vanleg å dele inn Sør-Noreg i draktområda som er vist på kartet nedanfor. I Nord-Noreg er det dokumentert færre norske folkedrakter, men til gjengjeld er det ein rik tradisjon med samiske folkedrakter.

Draktområde i Sør-Noreg
Draktområde i Sør-Noreg

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg