Caatingamaursmett er ein liten sporvefugl i maurfuglfamilien og har naturleg utbreiing i Brasil.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Herpsilochmus sellowi
- Beskriven av
- Whitney & Pacheco, 2000
Som vaksen veg fuglen rundt åtte gram.
Arten er knytt til tørr tropisk skog, tørr savanne og tørr tropisk buskmark. Caatingamaursmett lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i buskar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.