Bendelhauk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Bendelhauk er ein middels stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Oseania og Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Accipiter fasciatus
Beskriven av
(Vigors & Horsfield, 1827)

Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang, hannfuglar veg rundt 300 gram og hofuglane rundt 500 gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna jordbruksland, urbane område, tørr tropisk skog, tørr savanne og høgtliggjande tropisk grasmark. Bendelhauk er ein jegar som lever av mange ulike byttedyr, mellom anna små varmblodige dyr, vekselvarme virveldyr og virvellause dyr (invertebratar) som han fangar på bakken og i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 30 dagar. Ungane forlèt reiret om lag fire veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

bendelhauk
Accipiter fasciatus
Artsdatabanken-ID
175317

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg