Ynglingatal

Artikkelstart

Ynglingatal er eit kvad frå omkring 900 av den norske skalden Tjodolv fra Kvine.

Ynglingatal blir tilsynelatande presentert til ein konge som heiter Ragnvald Heidumhære, ein fetter av Harald Hårfagre; siste strofa omtalar han i rosande ordelag og som om han enno lever. Men strofa er berre ei halvstrofe, og ein veit ikkje om diktet enda slik eller om det har vore meir.

Ynglingatal reknar opp 20 slektsledd av kongar av Ynglingeætta i Uppsala, éin etterkomar av dei som forlét Uppsala, og deretter fem slektsledd av småkongar i Noreg som stamma frå han. Den fyrste kvadet omtalar, er Fjølne, son av guden Frøy, og den siste er Olav Geirstadsalv, far til Ragnvald Heidumhære. Diktet gjev opplysningar om korleis kvar av kongane døydde, ofte med ei komisk eller vanærande hending, og ofte kvar dei er hauglagde.

Versemålet i skaldediktet er stort sett kviðuháttr.

Dateringa av diktet er usikker og omstridd. Dei fleste har datert det til tiåra kring 900, men det er også lagt fram argument for å datere det så seint som til 1000- og 1100-talet. Nokre argument for sein datering har seinare blitt tilbakeviste, og det er ikkje lagt fram overtydande argument mot ei datering til kring 900.

Ynglingatal er stort sett overlevert som ein del av Ynglinga saga i Heimskringla, der strofene har til funksjon å underbygge prosateksten. Ynglingatal er også nemnt i andre kjelder, som Flateyjarbók, Hauksbók og i Snorres Edda.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg