Ynglinga saga

Ynglinga saga, Soga om ynglingane, er den første av sogene i Heimskringla. Ho skil seg frå dei andre sogene i Heimskringla ved at ho ikkje handlar om éin konge, men fortel om ei slekt, ynglingane. Soga dannar eit bakgrunnsteppe for den norske kongeslekta og fører henne tilbake til eit mytologisk opphav i guden Frøy.

I form har Ynglinga saga meir til felles med fornaldersogene enn med kongesogene. Ho er tufta på mytologi, og stoffet ber større preg av segn og eventyr enn av historisk framstilling.

Fleire kvad ligg til grunn for soga, men hovudkjelda er Ynglingatal av Tjodolv frå Kvine. Den tapte Soga om Skjoldungane er òg nemnd som kjelde.

Død og lagnad i Ynglinga saga

Som Ynglingatal legg Ynglinga saga stor vekt på måten ynglingane døyr på. Dødsmåten er ofte ærelaus og tragisk eller tragikomisk: Kongane døyr av sjukdom, blir hengde og drepne av dyr, og brør drep kvarandre. Fjolne druknar i eit ølkar, ein mare kveler Vanlande, ein høygaffel treffer Dag, Domalde blir ofra, Ånund døyr i eit skred, og Ingjald blir brend inne. Dette er eit påfallande mønster. Religionshistorikaren Gro Steinsland ser dette mønsteret i lys av myten om Frøy og jotunkvinna Gerd og meiner framstillinga av lagnaden til ynglingekongane er prega av dette.

Overlevering

Ynglinga saga er bevart i tre handskrifter som vi kjenner til frå mellomalderen, Kringla, Codex Frisianus og Jöfraskinna. Omsetjaren Peder Claussøn Friis har brukt eit fjerde, men det er no tapt.

Litteratur

  • Jørgensen, Jon Gunnar (utg.) 2000: Ynglinga saga etter Kringla (AM 35 fol). Universitetet i Oslo.
  • Steinsland, Gro 1991: Det hellige bryllup og norrøn kongeideologi. Oslo.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg