Codex Frisianus

Codex Frisianus, eller Friis-boka (AM 45 fol.), er eit handskriftpergament i Den Arnamagnæanske Samling i København. Boka inneheld dei fleste sogene i Snorres Heimskringla, men ikkje Soga om Olav den heilage. I tillegg inneheld handskriftet Sturla Þorðarsons soge om Håkon Håkonsson. Codex Frisianus har namn etter Otto Friis, den første kjente eigaren av boka.

Faktaboks

etymologi:
‘Friis-boka’ etter den første kjente eigaren, Otto Friis
også kjent som:
islandsk Frísbók eller Fríssbók

Friis-boka er eit vakkert og forseggjort handskrift. Det er skrive kring 1330. Handskriftet kan vere skrive av ein islending i Noreg eller på Island for ein nordmann.

Ein veit ikkje anna enn at boka var i Noreg kring 1550, då Mattis Størsson og Laurents Hanssøn brukte ho i Heimskringla-omsetjingane sine. Kring 1600 hadde det funne vegen til Danmark, til Otto Friis. Árni Magnússon kjøpte boka i 1696 etter Jens Rosenkrans, og Árni testamenterte det vidare til Københavns Universitet.

Handskriftet vart verande i København etter utleveringa av handskrifter frå Danmark til Island.

Codex Frisianus var ei stor inspirasjonskjelde for skrifta som Gerhard Munthe laga til ei utgåve av Draumkvedet i 1904.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg