Vatne var ein kommune i Møre og Romsdal, som eksisterte frå 1902 til 1964. I dag er området delt mellom Molde og Haram kommunar.
Vatne vart oppretta i 1902 ved deling av Skodje i to like folkerike delar (1551 og 1547 innbyggarar). Kommunen omfatta landet mellom Midfjorden med dei sørgåande armane Samfjorden og Vatnefjorden i nord og Grytafjorden i sør, til liks med øyene Dryna og (vestre delen av) Midøya.
Øyene vart i 1965 ein del av den nye Midsund kommune (frå 2020 Molde), samtidig som resten av kommunen vart lagt til Haram kommune.
Vatne målte 139 km2 ved delinga. 2260 innbyggarar vart lagt til Haram kommune, mens 334 øybuarar vart lagt til Midsund kommune.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.