Tanzimat, namn på reformene i Tyrkia innleia i 1839 og 1856 og på perioden 1839-1876. Reformene skulle motverke forfallstendensane i Det osmanske riket ved å omforme det til ein moderne stat.

I 1839 garanterte ei fråsegn alle undersåttar, uansett tru, tryggleik for liv og eigedom. Fråsegna lova ordna innkalling til militærteneste og fastsette lengda for tenesta. Skattane vart også regulerte, og fråsegna oppheva det gamle systemet med forpakting av skatteoppkrevinga. Desse reformene vart utvida gjennom ei ny sultanfråsegn i 1856, som bl.a. lova grunnlegging av bankar, vegbygging og utvikling av handelen ved hjelp av vestleg kapitalimport. Tiltaka vart motarbeidde av godseigarane og mullahane (det muslimske presteskapet), og under sultan Abdulhamit 2 (1876–1909) vende Tyrkia tilbake til eit reaksjonært regime. Reformene skapte likevel føresetnadar for ei viss industriell utvikling, ikkje-religiøs undervisning og utdanning (etter lov i 1862), og elles oppblomstring av litteratur, vitskap og kulturliv.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.