Norges Vektløfterforbund

Vektløftarforbundet arrangerte i 2016 EM i vektløfting i Førde. Her er IWF-president Tamas Ajan og Stian Grimseth på scena under opninga av meisterskapet.
EM i vektløfting i Førde

Artikkelstart

Norges Vektløfterforbund (NVF) er særforbundet for vektløfting. Forbundet vart skipa 7. april 1946 og organiserer vektløftarane, vektløftarklubbane og vektløftarregionane i Noreg.

Fakta

  • Har om lag 3000 registrerte medlemmar innan olympisk vektløfting
  • Består av 35 klubbar, organisert i fem regionar: Telemark og Vestfold, Sør-Vestlandet, Nord-Vestlandet, Nordenfjeldske og Austlandet.

Historie

På 1930-talet byrja det å bli interesse for vektløfting i Noreg, og i 1938 vart det danna eit eige utval for den nye idretten. Norsk Vektløfterutvalg vart tilslutta Norges Bryteforbund, med Ottar Engnæs frå Drammen AK som den første formannen.

På tinget i idrettsforbundet i februar 1946 fekk idrettsstyret fullmakt til å ta vektløfting opp som eige særforbund. Norges Vektløftarforbund vart deretter stifta 7. april 1946. Det var møtt fram representantar frå tolv klubbar, med Namsos som den nordlegaste. Olaf Hansen frå Sportsklubben av 1909 vart den første formannen i det nye forbundet.

Det første noregsmeisterskapet for menn vart arrangert i 1939. Den første norske konkurransen for kvinner fann stad i 1980, og kvinnene kom med i norske meisterskap frå 1982.

Leif Jenssen vart i 1972 den første olympiske meisteren i vektløfting frå Noreg, noko som gav mykje merksemd til idretten her i landet. Sidan har fleire utøvarar frå forbundet hevda seg internasjonalt, mellom andre Eivind Rekustad, Stian Grimseth, Ruth Kasirye og Solfrid Koanda.

Noreg arrangerte EM i vektløfting i 2016. Meisterskapet gjekk av stabelen i Førdehuset i Førde, med Tambarskjelvar IL og det norske vektløftarforbundet som arrangørar.

Les meir i Store norske leksikon

Lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg