Faktaboks

Steingerður Guðmundsdóttir
Fødd
12. oktober 1912, Ísafjörður
Død
13. juli 1999, Reykjavík

Steingerður Guðmundsdóttir var ein islandsk lyrikar og dramatikar.

Steingerður debuterte i 1952 med skodespelet Rondo, men er mest kjent for diktsamlingane sine, mellom anna Strá (Strå, 1969) og Fjúk (Fokk, 1985).

Dikta hennar ber preg av eit romantisk sinnelag, og formspråket er ein forsiktig modernisme i ein emosjonell, blomstrande stil.

Steingerður Guðmundsdóttir er representert med gjendikting på norsk ved Ivar Orgland i antologien Dikt av islandske kvinner frå 1700-talet til våre dagar (1985).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg