Solveig Muren Sanden

Faktaboks

Solveig Muren Sanden
Født
17. april 1918, Vrådal, Kviteseid, Telemark
Død
23. november 2013, Vrådal, Kviteseid, Telemark
Solveig Muren Sanden i heimen sin i Vrådal i 2002.
Solveig Muren Sanden i heimen sin i Vrådal i 2002.
Av /NTB-SCANPIX.

Solveig Muren Sanden var ein norsk illustratør, biletkunstnar og den første kvinnelege teikneserieteiknaren i Noreg av betydning.

Bakgrunn

Sanden fekk i barndommen rettleiing av den norsk-danske målaren og teiknaren Louis Moe, som hadde sommarhus i nærleiken av der Sanden budde. Ho debuterte med ei teikning på trykk i Norsk Barneblad i 1932. Etter utdanning ved Kunst- og handverksskulen i Oslo og Statens kunstakademi byrja ho å jobbe som illustratør.

Teikneseriar

I 1957 overtok ho teikneserien Tuss og Troll frå Jens R. Nilssen. I 1959 byrja ho i tillegg å teikne Smørbukk i Norsk Barneblad, og året etter også juleheftet med Smørbukk.

Sanden teikna Smørbukk fram til 1983, og gjorde mellom anna hovudpersonen til telemarking. I 2008 leverte ho frå seg sitt siste julehefte med Tuss og Troll, etter å ha teikna godt over 100 teikneseriar baserte på norske folkeeventyr. Til saman skal ho ha teikna over 9000 teikneserieruter. I 2008 vart jubileumsboka Smørbukk 70 år gitt ut.

Omsetjing og prisar

Smørbukk-seriane hennar er også gitt ut på Island og Færøyane, medan det amerikanske forlaget Astri my Astri har gitt ut to bind av Norwegian Folk Tales, Fairy Tales and Trolls: Tuss og Troll, med teikneseriar av Sanden og Nilssen.

Sanden var den første som fekk Kulturdepartementets teikneseriepris, som ho delte med Smørbukk-forfattar Johannes Farestveit i 1973. I 2001 fekk ho Kongens fortjenestmedalje i sølv.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg